Presentasjon av Polle


Sigmund Groven skrev denne omtalen i oktober 2018.

Det kromatiske munnspelet blei fyrst konstruert ved Hohner-fabrikken i Tyskland, og kom i handelen på 1920-talet. Takka vere nokre framsynte store musikarar som Tommy Reilly, Larry Adler og Toots Thielemans fekk instrumentet snart ein plass både i seriøs klassisk musikk og i jazz og populærmusikk.

Lenge var det berre fabrikkproduserte munnspel som var tilgjengelege, men i 1967 fekk Tommy Reilly bygd det fyrste konsertmunnspel i sølv, handlaga av ein sølvsmed i London. Året etter sette Hohner i gang med å lage «Silver Concerto Chromonica» etter avtale med Reilly, som fekk det fyrste eksemplaret av dette instrumentet i 1968. Året etter fekk eg det andre eksemplaret.

Det er kanskje ikkje så mange som er klar over at dei beste kromatiske konsertmunnspel som er å oppdrive i verda, blir i dag laga i ein verkstad på Bryne, av Georg Pollestad.

Fyrste gongen eg møtte Georg, var etter ein konsert eg hadde på Gjesdal i Rogaland den 11. mars 1980. Han viste stor interesse for instrumentet mitt, og sa at han kunne tenke seg å lage eit munnspel.

Eg forstod straks at han meinte det seriøst: han var oppfinnar og ingeniør av yrke, og sjølv ein habil utøvar på munnspel. Eg skaffa han eit sett med stemmeplater, og da eg var på turné i Rogaland igjen året etter, stilde han opp før konserten eg skulle ha med Ketil Bjørnstad i Klepp Rådhus med eit handbygd konsertmunnspel av tinn. Eg prøvde det og kjende med ein gong at dette var eit framifrå instrument – eg brukte det på konserten, og bestilte eit instrument av han. Dermed var «eventyret» i gang.

Dette blei starten på eit nært og verdifullt samarbeid. Eg viste instrumentet til min mentor Tommy Reilly, den fremste utøvar på munnspel gjennom tidene. Han blei og svært begeistra, og bestilte eit «Polle»-munnspel. Georg forbetra og utvikla grunnmodellen vidare, i nært samarbeid med Tommy og meg, og i 1993 var endeleg prototypen «Polle Concert Harmonica» ferdig utvikla, denne gongen i sølv. Frå da av har eg brukt berre «Polle»-spel. Det gjorde og Tommy Reilly, fram til sin død i 2000.

Georg Pollestad er perfeksjonist. «Polle Concert Harmonica» er bygd med den høgaste presisjon, og Georg har gjort ei lang rekkje geniale forbetringar av instrumentet slik at det stiller i ei eiga klasse når det gjeld kvalitet, både med omsyn til klang, dynamikk og respons. Dessutan har han utvikla ei rekkje praktiske løysingar som gjer det svært brukarvennleg.

I dag er «Polle Concert Harmonica» etterspurt over heile verda, Georg har over eit års leveringstid, og han får stadig nye bestillingar frå både profesjonelle og ivrige amatørar ikkje minst i Asia: China (med Hong Kong), Japan, Taiwan, Sør-Korea, Singapore, Malaysia er land der interessa for det kromatiske munnspelet er stor, og såleis viktige marknader for «Polle».

I tillegg har Georg Pollestad vori ein nøkkelperson i eit etter kvart livskraftig norsk munnspelmiljø. Han var blant initiativtakarane til det fyrste munnspelseminaret her i landet som blei arrangert ved Festspela på Elverum i 1985 med Tommy Reilly og meg som instruktørar. Etter det har vi hatt årlege sommarseminar rundt i landet i regi av Norsk Munnspillforum som blei stifta på Klepp Folkehøgskole i samband med seminaret i 1987. I mange år var Tommy Reilly og hans faste medarbeidar, pianisten og komponisten James Moody instruktørar, og seinare har eg saman med mine beste elevar Tore Reppe og Vegard Austlid Kjøsnes hatt ansvar for instruksjonen. Vi har hatt seminardeltakarar frå bl.a. Sverige, Tyskland, England, Frankrike, Japan, Taiwan, Kina, Sør-Korea og Australia.

I dag har Norsk Munnspillforum nærare 200 medlemmer, mange av dei spelar «Polle»-instrument og har markert seg sterkt ved munnspelfestivalar rundt i verda. Georg var i mange år formann i NMf, og har dessutan gjort ein stor innsats som arrangør av fleire seminar på Klepp. Han er æresmedlem i Norsk Munnspillforum.

Han har fleire gonger vori invitert til munnspelfestivalar i utlandet, bl.a. Asia Pacific Harmonica Festival i Hong Kong, der han heldt foredrag om utviklinga av «Polle»-instrumentet.

Georg er sjølv ein dyktig utøvar på munnspel. Han er premiert i konkurransar ved internasjonale munnspelfestivalar, og opptrer stadig i lokalmiljøet. Som person er han ein heidersmann, ein gledesspreiar, alltid hjelpsam og pliktoppfyllande.

Georg Pollestad har gjort, og gjer, ein uvurderleg innsats når det gjeld utviklinga av munnspelet som eit seriøst instrument, ikkje berre her i landet, men og internasjonalt. Sjølv har eg uendeleg mykje å takke han for.